Naboen min
-
søn. 26 jan.15:00 - 15:45Sølvsalen
A Gruppe minimum 4 kr 180,00
Naboen min er eit band starta av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Til konserten kjem dei som trio, og gler seg til ein leiken konsert med snert!
Bandet har gitt ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil», i tillegg til "Stjernedryss", som er ein EP med julesongar. Musikken er mykje spelt på Radio Super, og Naboen min har også laga musikken til TV-serien "Mine ville venner" på NRK Super.
For plata «Rockesock» mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk. Lytt på songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock, og kom på konsert!